North London Darkroom, og gleden av fysisk arbeid

I februar var eg to veker i London for å produsere arbeidet som eg skulle vise på Visningsrommet USF i april. North London Darkroom er eit mørkeromskollektiv ved Tottenham Hale som vart starta av min studievenn Sebastian Edge. Då eg visste eg ville produsere analogt i stort format, større enn eg nokon gong hadde gjort før, ringte eg til han. Og slik fekk me i stand eit kunstneropphold ved North London Darkroom der fasilitetane låg til rette for denne type arbeid.

Det var to intense veker, med stadig nye tekniske utfordringar. Å printe i format opp til 117 x 156 cm krever teknikkar og metodar som var nye for meg, og på den måten vart oppholdet enormt lærerikt.

nld8

 Gleden av å arbeide fysisk var stor. Lange dagar, og enkelte netter, der inne i mørket. Kløktig nok hadde Sebastian skaffa eit godt musikkanlegg. Å stå aleine der med bilda flytandes i kjemi og Lee Moses, Susanne Sundfør, Building Instruments eller soundtracket til Drive på høgralarane var heilt fantastisk. Opplevelsen var ein bekreftelse på mine tankar om korleis arbeidsmetode påvirkar resultat og relasjonen til arbeidet i sin heilhet.

nld1 nld3nld5

Følelsen av å ha fødd eit fotografi

Den største utfordringa var å lage Taakefjell, eit fotografi eg ville ha i så stort format som fasilitetane tillot: 117 x156 cm. For å gjere dette måtte me bruke avlange kar som liknar takrenner, og rulle det eksponerte papiret i ein sylinder for å så bake kjemien inn i papiret ved å konstant rullere det med ein spesiell teknikk. Sebastian assisterte meg i dette arbeidet, og ganske enkelt lærte meg korleis eg skulle gjere det for å unngå både det eine og andre uhellet. Det føltes fantastisk å mestre det. Arbeidet er veldig fysisk, det er tungt å stå over kara i ein statisk posisjon og jobbe med papiret medan ein fylgjer sekundvisaren som tikkar. Papiret vert heilt mjukt, og det er enormt lett å få ein knekk i det om ein ikkje er varsam nok. Kostnadane av så stort stykke papir er enorme, og med den avgrensa tida eg hadde i tillegg var det ikkje mulighet for mange forsøk. Mykje stod på spel. Då eg var ferdig (etter eit uvisst antall nesten-kriser) og hadde fått bilete på plass der det skulle tørke, følte eg meg utmatta, lykkelig og gjennomtrekt av kjemi. Mestringfølelsen var enorm, og uten at eg nokon gong har fødd noko som helst – følte eg no at eg hadde fødd eit fotografi.

nld6

Det som kostar, får meir verdi. For meg veg dette bilete tungt, fordi det kosta krefter, tid, pengar,  store mengder hovudbry og faktisk eit par tårer. Hadde eg produsert det digitalt, ville det ha kosta meg mest irritasjon og utolmodighet – noko som ikkje gir den beste relasjonen til resultatet.

Noko av det mest frustrerande med å jobbe med fotografi er at det er så langt mellom tanke og produksjon. Å få arbeide to veker i slike fasilitetar var ein draum, og virkelig motiverande for å i framtida legge til rette for å kunne jobbe på denne måten i Bergen.

Så, til slutt, ein stor takk til Sebastian Edge som var så kul å gjere dette mogleg for meg, og i tillegg delte av sitt hav av skills og erfaring. I tillegg var eg så heldig å ha to supre assistentar: Gary William Smith og Daniele Roversi. TUSEN TAKK!


sebdaniele

gary_flip

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s