For fyrste gong var skuldera mi våt av far min sine tårer

”Enten er det skjedd  noko alvorleg. Eller så er han ute ein tur.”¨

Enten. Eller.

Død. Levande.

Ein av dei er det. Realiteten er bastant. Men me er på etterskudd. Sanninga har enda ikkje nådd oss.

Eg kom inn. Eg såg at han låg der. Eit legeme. Han låg der. Min eventyrar. Mitt leksikon. Men der og då: berre eit legeme. Eg såg ikkje Onkel Jostein. Eg såg eit dødt menneske. ”Slik ser eit dødt menneske ut”, tenkte eg. Flogene surra. Han var blå i ansiktet, og brillene sat på enda.  ”Det er Onkel Jostein. Det er Onkel Jostein”, prøvde eg å tenke. Kun den rasjonelle delen av meg son skjønte det.  Eg kjente det ikkje fysisk.

Eg kjente lukta. ”Er det slik ein daud mann luktar?”. Men det var eimen av ein ungkars hus. Eg våga meg inn i stova. Eg hadde ikkje vært der på mange år. Det var eit sørgeleg syn. Plastikkposar over alt. Fat og skåler med matrestar. Buksa låg på golvet, trødd rett ut av. Men midt i alt det elendig kaoset: eit vakkert kaos. Rommet var overfylt med aviser! Til den dagen han døydde, var han framleis like nysjerrig på verda. Stadig like oppdatert. Far min sa med frukostbordet same morgon; ”Ein ting skal vera sagt; Han er meir oppdatert og med enn dei fleste av oss som ’oiar’ oss over han!”. Avisene var eit vidunderleg syn.

Stakkars gut, sa Tante Åshild. Gut. 66 år, men evig gut.

Korleis hadde du det eigentleg, Onkel Jostein? Kor einsam var du? Kor stor var lengselen din? Og kor stor var sorga di?

Etter kvart begynner eg å få glimt av realiteten i det som har skjedd. Onkel Jostein er død. Det var han som låg der. Min eventyrar, mitt leksikon, låg der. Eg blir uvel over min eigen evne til å distansere meg, til å gjere alt om til ei studie. Det levande minnet av Onkel Jostein begynner å koble seg opp med synet av han på golvet. Sokkane. Underbuksa. Den flammete huden på beina, og det blåe ansiktet. Det bølger skarpt i meg. Stikk av tristhet og sorg.

Ein er. Og så er ein ikkje. Det er dødens magi. Det endelege uendelege.

Når eg var liten pleidde far min å arrangere Seigemann-konkurranse. Det var om å gjer å strekke ein seigemann så lang som mulig. Ein strakk og ein drog.  Heile spenninga låg i uvissa om når den ville slite. Den hang saman, heilt til den ikkje gjorde det. Og når den sleit, var det over. Augeblikket før det skjedde kunne kjennast uendeleg, men likevel blei ein overraska når det skjedde.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s