Dyret

havdissnøgrønleopardredningsvestbadehandkle

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Tallerkenverk

emma.jpg

Tallerkenverk er eit dokumentarisk fotoprosjekt som enda opp som ein installasjon. Resultatet vart stilt ut ved Agatunet, del av Hardanger og Voss Museum, sumaren 2016.

I over ti år fotograferte eg det little øysamfunnet Fjelberg i Kvinnherad. Fjelberg består av to øyer kor det bur 89 menneske. For hundre år sidan var Fjelberg eit kommunesentrum. Det var den gongen sjøen var vegen. I fjor stengde barnehagen. Men ferja går, og butikken er open.

Ein tallerken har ein funksjon. Me et av den. Ein gong i tida byrja me henge den på veggen som pryd. Eg valde å presentere det fotografiske materialet på tallerkar, på fat som ein gong har vorte ete av, for å stille spørsmål ved om det no er i ferd med å gå same vegen med bygde-Noreg.

 

Dette prosjektet er ganske enkelt

eit portrett av ei bygd.

 

aga_fargar.jpg
IMG_9906_web.jpgaga8.jpg

Skjermbilde-2017-02-07-kl.-16.39.38.jpg

 

Skjermbilde-2017-02-07-kl.-16.39.22.jpg
Trykksak i forbindelse med utstillinga.

 

 

 

IMG_9964_web.jpg

Prosjektet vart støtta av Norsk Kulturråd og Fjelberg Bygdalag.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Microfly + Storformat = Sant

IMG_9083.jpg

IMG_2850.JPG

Eg fekk eit innfall om at eg gjerne ville gjere flyfoto med storformatkamera. Eg hadde ganske enkelt lyst på det biletmaterialet. Ikkje så lett å få til i praksis, men eg var heldig og kom i kontakt med ein cowboy av ein pilot – og fotograf. (Striking kombo) Bjørn Østrem la ikkje skjul på at det var meiningslaust/galskap/tullete å fotografere med storformat frå eit fly, men var likevel så grei å ta meg med. Det mest utrulige her er at han har skåre ut hol i vindauga på flyet sitt for å fotografere ut av. Eg kunne altså ikkje vore meir heldig med piloten. No har eg vore på tur med Bjørn to gonger, like fantastisk kvar gong. Han lar meg fly, og det heile kjennes som eit Ghibli-eventyr. Eg har vore litt teknisk uheldig begge gonger, men har likevel fått gode resultat som eg har arbeidd vidare med i mørkerommet. Eksempel på dette lenger nede.

img_9100Bjørn fotograferer og flyr. Eg klarar knapt å kjøre bil og skifte radiokanal.

img_9103På den siste turen var det isbre eg var spesielt interessert i.

img_9118Bjørn har nok rett i at dette kameraet ikkje er det beste å operere med i eit microfly.

img_0117

Eg arbeider med kombinasjon av positiv og negativ film og i tillegg maler eg på transparent film som eg legg lagvis. Over vises eksempel på korleis eit resultat av dette kan bli.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Plenair, Visningsrommet USF

plenair

 

Plenair var ei utstilling eg hadde saman med Erik Friis Reitan på Visningsrommet USF i  april. Både mine og Erik sine arbeid omhandla den optiske og fysiske opplevelsen av fotografi.

_DSC9737Komposisjon 1 og 2, 2015

 

Eg undersøker korleis form kan få mer plass i det fotografiske språket. Fotografi er så likt det me ser heile tida, at det er lett for at ein i møte med eit fotografisk motiv hopper over spørsmålet «kva ser eg på?» og gå rett til «kvifor ser eg på det?» Fordi auga bruker liten tid på å lokalisere kva det ser på vert form i stor grad underordna innhold. Ein av metodane eg arbeider med er å vende fotografi opp ned. Det at auga må bruke tid på å snu motivet gjer at det er eit øyeblikks ugjenkjennelighet og i det øyeblikket vert ein pressa til å i større grad ta stilling til form enn den ein kanskje ellers gjer i møte med fotografi. På den måten prøver eg å abstrahere, men framleis bevare fotografiet sitt språk.  I verket Vindur,  viderefører eg ei form frå eit bilete til eit anna. Alle arbeida mine er produsert i mørkerom, dei fleste ved North London Darkroom. Denne prosessen kan du lese meir om i ein tidligere blogpost: «North London Darkroom, og gleden av fysisk arbeid.» 

 

_DSC9840

_DSC9848Arizona, 2015

 

_DSC9955Vindur, 2015

 

_DSC0006

_DSC9828 copyTaakefjell, 2015

 

 

Artist-talk

IMG_5142

Mot slutten av utstillingperioden hadde me ein artist-talk der Vilde Salhus Røed var moderator. Me snakka om utstillinga som heilhet, arbeidsmetoder og samarbeidet vårt. Til slutt hadde me ein runde der me snakka om kvart enkelt verk. Det var godt oppmøte, og det vart ein fin samtale mellom oss og publikum.

IMG_5167 IMG_5177

 

Fleire av verka frå denne utstillinga er å finne med salgsinformasjon på Kunstguide.no. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Dokumentasjon av utstillinga er gjort av Erik Friis Reitan, og dokumentasjon av artist-talk er av Fredrik Rysjedal.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Kunstguide.no

Skjermbilde 2015-08-25 kl. 10.40.48

Eg er no presentert på Kunstguide.no. Profilen min kan du sjå ved å klikke på bilete over. Kunstguide er utvikla og administrert av VISP som er kompetanse- og nettverksorganisasjon for det visuelle kunstfeltet i Hordaland, og som arbeider for å betre og tilrettelegge vilkåra for produksjon, formidling og salg av visuell kunst i Bergen og Hordaland. Kunst til folket, med andre ord.

Det er ei flott nettside som eg er glad for å vere del av. Så gå innom og ta ein kikk!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Månedens kunstner i VISP

I juni var eg månedens kunstner i VISP. Intervjuet kan du lese her.

visp

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

North London Darkroom, og gleden av fysisk arbeid

I februar var eg to veker i London for å produsere arbeidet som eg skulle vise på Visningsrommet USF i april. North London Darkroom er eit mørkeromskollektiv ved Tottenham Hale som vart starta av min studievenn Sebastian Edge. Då eg visste eg ville produsere analogt i stort format, større enn eg nokon gong hadde gjort før, ringte eg til han. Og slik fekk me i stand eit kunstneropphold ved North London Darkroom der fasilitetane låg til rette for denne type arbeid.

Det var to intense veker, med stadig nye tekniske utfordringar. Å printe i format opp til 117 x 156 cm krever teknikkar og metodar som var nye for meg, og på den måten vart oppholdet enormt lærerikt.

nld8

 Gleden av å arbeide fysisk var stor. Lange dagar, og enkelte netter, der inne i mørket. Kløktig nok hadde Sebastian skaffa eit godt musikkanlegg. Å stå aleine der med bilda flytandes i kjemi og Lee Moses, Susanne Sundfør, Building Instruments eller soundtracket til Drive på høgralarane var heilt fantastisk. Opplevelsen var ein bekreftelse på mine tankar om korleis arbeidsmetode påvirkar resultat og relasjonen til arbeidet i sin heilhet.

nld1 nld3nld5

Følelsen av å ha fødd eit fotografi

Den største utfordringa var å lage Taakefjell, eit fotografi eg ville ha i så stort format som fasilitetane tillot: 117 x156 cm. For å gjere dette måtte me bruke avlange kar som liknar takrenner, og rulle det eksponerte papiret i ein sylinder for å så bake kjemien inn i papiret ved å konstant rullere det med ein spesiell teknikk. Sebastian assisterte meg i dette arbeidet, og ganske enkelt lærte meg korleis eg skulle gjere det for å unngå både det eine og andre uhellet. Det føltes fantastisk å mestre det. Arbeidet er veldig fysisk, det er tungt å stå over kara i ein statisk posisjon og jobbe med papiret medan ein fylgjer sekundvisaren som tikkar. Papiret vert heilt mjukt, og det er enormt lett å få ein knekk i det om ein ikkje er varsam nok. Kostnadane av så stort stykke papir er enorme, og med den avgrensa tida eg hadde i tillegg var det ikkje mulighet for mange forsøk. Mykje stod på spel. Då eg var ferdig (etter eit uvisst antall nesten-kriser) og hadde fått bilete på plass der det skulle tørke, følte eg meg utmatta, lykkelig og gjennomtrekt av kjemi. Mestringfølelsen var enorm, og uten at eg nokon gong har fødd noko som helst – følte eg no at eg hadde fødd eit fotografi.

nld6

Det som kostar, får meir verdi. For meg veg dette bilete tungt, fordi det kosta krefter, tid, pengar,  store mengder hovudbry og faktisk eit par tårer. Hadde eg produsert det digitalt, ville det ha kosta meg mest irritasjon og utolmodighet – noko som ikkje gir den beste relasjonen til resultatet.

Noko av det mest frustrerande med å jobbe med fotografi er at det er så langt mellom tanke og produksjon. Å få arbeide to veker i slike fasilitetar var ein draum, og virkelig motiverande for å i framtida legge til rette for å kunne jobbe på denne måten i Bergen.

Så, til slutt, ein stor takk til Sebastian Edge som var så kul å gjere dette mogleg for meg, og i tillegg delte av sitt hav av skills og erfaring. I tillegg var eg så heldig å ha to supre assistentar: Gary William Smith og Daniele Roversi. TUSEN TAKK!


sebdaniele

gary_flip

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized