Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Dei leitar etter noko. På den siste dagen i året. Med lommelykt. I mørket. I regnet. Året døyr ut. Og dei leitar etter noko.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Kari og Hanne

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

ORNAMENT no.2




Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

1+1=11 vol. 3

1+1=11 er i gang igjen, og i kveld viser me  arbeid på PrøveRommet METEOR på Logen Teater. Arrangementet byrjar kl. 19.30. Velkommen!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

ORRNAMENT no.1

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

no. 3

 


// hakim

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Ein munk via livet sitt til å avle dronninger. Det er heilt sant.

Plutselig sit eg i eit stove eg aldri har vore i før. Eg drikk kaffi og et eplekake med folk eg ikkje kjenner. Eg er på Milde, og skal gjere videoopptak på Søyland Bigard. Frå å ligge bakfull på sofaen og sjå på “My so called life” blir eg kasta ut her. Til ei verd som eg veit fint lite om. Eg likar egentlig ikkje honning, men det seier eg ikkje høgt. Det slår meg igjen kor mange slike lommer det er overalt. Ting som eg ikkje veit noko ting om, kan vere det viktigaste i eit anna menneske sitt liv. Språket til birøkter Alf Helge er heilt merkeleg, men han legg ikkje merke til det sjølv. Han fortel om ein munk som via livet sitt til å avle dronninger, og om elitekubar og om dronninggele vs. fattigmannskost. I min dagenderpå-tilstand vert det mykje absurd poesi ut av dette. Det er desse situsjonane som gjer at eg elskar yrket mitt. Kameraet er ei unnskulding og ein årsak til å hamne i framande fok sine stover. Ein søndagsettermiddag når eg ellers hadde lege på sofaen og sett Jordan Catalano lene seg mot skap, og Angela sei “in my humble opinion”, er eg i ein skog, ved havet, og høyrer biene suse.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no. 2

//endre

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no. 1

 

// randi

5 kommentarar

Arkivert under Uncategorized


Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

ROT

I morgon viser Marit og Ingebjørg Loe Bjørnstad førestillinga ROT på Galleri 3.14 i Bergen. Eg har tatt biletet dei har brukt til promotering. Då me gjekk gjennom materialet etter fotograferinga, overraska dei meg ved å velge nettopp dette. Men eg elska det. Eg syns biletet er deilig ufint, eg blir glad når eg ser det. Ingebjørg og Marit er modige og nyskapande, og eg gler meg til førestillinga!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Det handlar om å skrike. Om å få lungene magemusklane og stemmebandet til å jobbe saman mot eit mål. Om å få menneskers ansikt til å endre seg. Til å hate meg litt.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

:::

 

Puste. Sjå til sida. Puste. Sjå til andre sida. Puste. Gå. Rett fram. Eller noko sånt.

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Fint rot.

 

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

This is where she’s been:

 
Ph: Hanne Hvattum (ja, til og med ho var der!)

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Sjå på denne kvinna. Me har same namn.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

HEADING OUT – MOVING CLOSER

11. april viste eg eit videoarbeid på KNIPSU i Bergen. Arbeidet var basert på ein tanke om relativitet, og bestod av ein installasjon der tekst og bilete gjekk i kvar sin bane.

Videoen vart projektert i loop, og teksten var fotografert med diasfilm og vart projektert på videoen ved hjelp av ein karusell. På den måten traff tekst og bilete kvarandre på stadig på nytt, og tolkingsgrunnlaget var dynamisk.

HEADING OUT – MOVING CLOSER

Sjå for deg dette:

Du ser feil i din eigen rutetabell.

Du blandar kvit og kvit.

To strekar skrått under svaret.

Statistikken seier du kan bli den neste.

Rytmen i eit forstørringsglas er den same som rytmen i hjarta hennar.

Ein dag skal eg ta røntgen av det og vise deg.

Ho vil lage ein sprettert av sitt eige skjelett. Ho vil legge auga sitt i ein strikken, og skyte deg.

Den biologiske klokka har snudd.

Sola fortsett å stå opp i sør.

Havet held på sin puls.

Og morilden må berre henge med.

Krabben er på tokt.

Lusa har blitt kasta ut på gangen igjen.

Eg vil heim til deg.

Auga kom i retur, og traff ho i hjarta.

Eg plasserte flyttelasset mitt i ubåten din. Du veit det ikkje.

Eg hatar evigheten.

Evigheten tar pusten min og puttar den i ei pepperkvern.

Knuser og strør den over havet.

Eg prøver å samle den opp igjen med kvite serviettar.

Ein redningsflåte tek ho vekk.

Den har ingenting med deg å gjere.

TEORI OG TVIL

TEORI OM TVIL

TVIL OM TEORI

TEORETISK TVIL

TVILSOM TEORI

Vedlikehald. Valg. Verkebyll.

Stetoskopet stiller ingen krav om gjensidig hengivenhet.

Sei meg,

Har eg svømt?

Har eg landa?

Har flyet letta?

Lekk fløyelsgardinene lys?

Pustar farmor?

Kan eg ete saltet som havet har forlate på båtsripa?

Kan lufthus forsikrast?

Kan ein ferjekai fjernast?

Kan dramatikken i ei barnetåre rekonstruerast?

Eg ser på mennesker, og det slår meg

at eg er òg ein attraksjon.


4 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

It’s up.


A couple of weeks in Berlin , and I have finally got myself a webpage!  A simple overview of my work. More to come. Have a look at  www.klarasofie.com

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Barely there.

But there.

Najonalgalleriet 11.04.11.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Morning-window

Blue and yellow.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Now I have an evidence of being close

Pointing.

Aiming.

Shooting.

Missing.

Again.

Load, aim, pull the trigger, fire, reload – if you hit the bull’s eye, you commit photographic suicide, or visual hari-kari.

Simone de Beauvoir and Jean-Paul Sarte shooting themselves.

“Shooting gallery” is a fairground attraction that emerged after World War I. Behind the target is the trigger of a camera, and if you hit it a photograph is taken of you in that very instant. This photograph is your prize. The exhibition SHOOT! at C/O Berlin is a broad presentation of the violent edge of photography. In the center of the exhibition there is a reconstruction of a real shooting gallery. I, like many before me, was temted to experience the absurdity of aiming at my self. A practical thought-experiment.

I missed. I didn’t get the souvenir. Which i really didn’t expect anyhow, and therefor had no idea of how (and this is unbarrasing) dissapointed I would be! By failing to shoot myself (!) I stumbled upon something I had almost forgotten: I have a history of being close.

My mother still talk with a complete lack of understanding of how i cried for being second. In her eyes there was no reason for crying – I was second best! For me, there were all the reasons in the world, I was almost there . again. A unique kind of disappointment: The loss of an opportunity.

The lady at the shooting gallery handed me the bull’s eye with no photograph. With a sad expression she said  I’m sorry. I replied, Well, now I have a evidence of being close. She gave me a strange look. I smiled and walked out.

Then i went to an old fashion photobox and paid 2 euros to have my portrait taken.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

I bought this from some kids yesterday, and I just love it!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

This is where it hurts

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Do you know if this train goes to Alexanderplatz?                                                                                                                     .

-Eh, I only know it’s going to the zoo.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

“Årets hittil kuleste coverdesign”

I Bergens Tidene  16. mars. Mitt bilde. Eva Pfitzenmaiers design. Hurra!

4 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

 


Eg har byrja stupe.

Eg er blå, kroppen verker, og hovudet er trykkforvirra.

Men eg er frydefull av fysisk poesi!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Velkro’s new album with my artwork.

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

HVILKET DJUR no.1

This is my first zine! A lot of the material is from

this blog. I’m not sure I’m a zine kind of person,

but it was a god experience anyhow. Maybe there will be

a HVILKET DJUR no.2 some day?


8 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

“Å bygge rede (nesting)”

I førre veke hadde Teateretaten si andre førestilling i triologien “Heim” på Nobel Bobel. Eg bidrog med fotografi som vart brukt som rekvisita i førestillinga, og med fuglekassen som du ser under.  “Å bygge rede (nesting)” med regissør Sara Bruteig Olsen var nydeleg, og det var så fint å vere del av den.  No skal eg heim og bruke jula på å bygge fleire fuglekassar. Gledeleg jul!




Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Fugleheim no.1

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized


Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Liv. Jævla liv. Jævla bankande hjarter. Blinkande auge. Og veksande bein. Jævla hår som må klyppast, ansikt som må sminkast og blærer som må tøymast. Jævla fråvær av kjærleik, nærvær av meiningsløyse og  overflod av relativitet.

Sa ho.

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no. 5

Bunny ears and spices. 

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized


Installasjon frå Rørsle 2010, her vist på Prøverommet (BIKS Fensal) i mai.

 

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Videoworks

Dette er utsnitt av videoarbeid produsert i Vilnius i september. Der arbeidde eg med fotografi og video i scenekunstsamanheng, saman med 1+1=11 – Eva Pfitzenmaier (musikk), Marit Loe Bjørnstad (dans/koreografi) og Hanne Hvattum (tekst).

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

I’ve been elsewhere

doing this:

Relativitet truar av og til min oksygentilførsel. Ting kan
alltid sjåast frå fleire sider. Veldig lite her i verden har
ei todimensjonal sanning. Slitsame greier. 

I sommar arbeidde eg med seks oljemåleri der eg måla ut i frå
to og to fotografi tatt i same situasjon, innan eit lite tidsrom.
Ei lita kløft i tid og perspektivgav stort utslag i korleis ein
kunne tolke motivet. Fotografia fann eg i ein pose etter mormor.
Det var dei bileta som aldri kom i albumet. Dei som idag hadde
vorte sletta før fysisk form. Sjølv likar eg best dei to øvste,
fordi det gir ein ekstra dynamikk med den mellommenneskelege
relasjonen. Eit anna tema som opptar meg. 

Eg var festivalkunstar for Phonofestivalen2010, og dette var
korleis eg valde å løyse oppgåva om å tolke temaet "Kløft".
Utstillinga hang på Kafé Knøderen i september.

Bilete frå prosessen i Vingespennet:







Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

“The universe is a big and lonely place.

We can do with all the neighbours we can get.”

Det er mykje eg lurer på. Umåteleg mykje eg ikkje forstår. Og ein heil del eg har ein anelse om, men egentlig ikkje veit. Alt i alt er det skrekkeleg lite eg veit heilt sikkert. Og det gjeld alt. Eg tenker ein del på det å håpe (og når eg skriv det merkar eg at eg blir avstøta av banaliteten i ordet). På kor gudsforlatt me faktisk er i dette såkalla kosmoset. Når alt kjem til alt, kan me berre gjere så godt me kan, og håpe på det beste. Ganske stakkarslig.. Men når eg les Bill Brysons A Short History of Nearly Everything blir eg salig i kvar ei celle. Den får meg ikkje til å kjenne at eg veit meir, og ikkje til kjenne meg større. Tvert imot. Men det er uforskamma deilig å lese i vitenskapen det eg går rundt å kjenner på min uvitenskap.

………

Being you is not a gratifying experience at the atomic level. For all their devoted attention, your atoms don’t actually care about you – indeed, don’t even know that you are there.  They don’t even know that they are there. They are mindless particles, after all, and not even themselves alive. Yet somehow for the period of your existence they will answear to every single rigid impulse: to keep you you. - Bill Bryson

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Vitenskap vs. uvitenskap

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

When the air you breathe is like fermenting milk, you start dreaming of magnifying glass and air balloons.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

5459 F J E L B E R G

.. eit øysamfunn der ferja er hovedpulsåra, butikken er ryggmargen og kvart menneske eit livsviktig organ.

4 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

she

is

watching

everyone

heading

somewhere

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

A new set of photographs



Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Something is the new everything. (And nothing does not exist.)

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

I

am

standing

by.

Like

the

video-player

says

when

I

turn

it

off.

My

left

foot

wants

to

dance.

My

right

one

needs

to

lie

down.

And

I

want

to

give

in

and

give

up,

but

I

still

give

a

fuck.

Let

us

forget

about

this

then.

Let

us

breathe

another

poem.

Let

us

skip

to

another

play.

Where

the

characters

are

singing

FUCK

ALL

in

a

calming,

comforting

tune.

And

let

us

stay

there

as

long

as

we

need.

And

sing

along

as

loud

as

we

need.

And

with

time,

let

us

hope

for

a

new

director.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Eva Pfitzenmaier har gitt meg lyd!

Eg har eit FULLFØRT-stempel som klagar fordi det ikkje blir nytta ofte nok. Både stempelet og eg hadde ei lykkestund då det endeleg vart brukt på denne filmen. Takk, Eva!

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

no.4

3 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no.3

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no.2

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

no.1

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized


Ho tenker at så lenge bølgene er i rammene av eit basseng,
har ho berre kome halvvegs. Då hjelp det ikkje med
orkan i kasta.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

 

ferjevindu

 

Ho pustar,  og ho ser. To funksjonar. Ho forbannar sin eigen  pust. Ho forbannar kroppen sin motvilje til å sei takk for seg. Ho syns tida er inne, og er skuffa over at ikkje kroppen fylgjer opp. Kjenner seg forrådt.

Ho pustar. Og ho ser.

Er du trist?

- Ja.

Nærvær. Alt eg kan gi er nærvær. Eg beundrar handa hennar. Den 91 år gamle handa. Ho søkjer mi igjen. Alle steingardar er nede. Ho har ikkje motstand i seg.

-Når kjem mor di i heim?

Eg veit ikkje.       Saknar du ho?

- Ja.

Ho er deprimert. Vil ikkje ha kaffi.  Vil berre ligge. Eg har lyst å høyre kva ho tenkjer, men eg tør ikkje spør. Eg lurer på kva ho tenkjer om livet. Korleis ser hennar konklusjon ut? Hennar regnskap. Hennar oppgjer. Reflekterer ho over dette? Eg har alltid tenkt at alle gjer seg nokre oppsummerande tankar på slutten av songen, men det er kanskje ikkje slik. Eg får kjensla av at ho uansett er forbi dette stadiet.

Ventetid. Den mest uuthaldelege ventetid som finnes. I’m not worried about death. I’m worried about the preliminaries. Leonard Cohen fryktar ikkje døden, han fryktar innledninga. Dette er innleiinga . Cohen har grunn til å kvi seg.

Det er vondt å sjå andre ha det vondt.

Tredje gongen eg spør om ho kanskje kunne få lyst på kaffi om eg laga litt, kom det eit svar som likna meir på ja enn på nei. Med god tid kom ho seg i stolen, og med ho kom ein ny giv. Me kosa oss grymt. Delte kaka i mindre og mindre bitar til det ikkje lenger var meir igjen. Me var einige om at dette kunne me – kose oss med kaffien. Eg grein då eg kjørte derifrå.

Hjarta til mormor  hadde ein fysisk vilje som sinnet hennar ikkje forstod seg på. Om det var kroppen eller sinnet hennar som var ute av takt, er ein tanke som aldri får sitt etterfylgjande punktum. Godt var det i alle fall då dei fant kvarandre igjen.

4 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

sterkmann

Hadde eg visst at nokon var forelska i meg på ungdomskulen
ville livet mitt sett heilt annleis ut.

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

 tallestmanonearth023

               EG HAR EIN HEST I VINDAUGE.
Den galopperar over bøker, persille og kvite stearinlys.
Over appelsiner og tomme tankar. Over vannkaraflar
og rastlause hender. Gjennom sfærar me ikkje ser, men som
like fullt er rundt oss. Den tenkjer ikkje. Den ser.
Den ser kva som er i lufta. Me er så opptatt av å lesa
mellom linjene, men me gløymer å sjå kva som heng i lufta.
Der heng det karusellar av hemmelige tankar. Der dansar
morild-støvet i sitt heilt eige solsystem. Og der
kviler historiar som mest truleg aldri vil bli fortalt.
Men det gjer ingenting. For dei er der like fullt. 

I lufta.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

FLY!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

realiteten vekker meg aldri tidleg nok
men alltid for tidleg


4 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Bilde 7
 Ganske ofte hengir eg meg til rotete tankar.
Eg lar dei hoppe, dukke, symje, spurte,
sige, krabbe, hinke, og stå heilt stille.
Det hender dei finn saman,
lagar ei klessnor seg imellom.
Med klypene blir det hengt opp nye bilder.
Av og til heng dei til dei er tørre.

Men stort sett bles dei vekk.

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

sometimes i feel

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Video på luftetur

Eg har arbeidd ein del med video i året som har gått, men mangelfulle edb-kompetansen min har no dempa entusiasmen. Det er på tide å lufte nokre av dei nedstøva arbeida her. Det eg kjenner meg aller mest uferdig med er lyden. Eg har jevnt over brukt musikk som har fungert i ein arbeidsprosess, men den er for “belasta” for eit ferdig arbeid. Forslag og input tas imot med svært opne armar! Eg kunne tenkt meg å eksperimentere meir med lyd, men treng eit intensivkurs. Uansett, denne filmen er resultat av tre månadars absurd øy-liv, tidligere beskrevet under “Ein tilværelse har vært”. Eg har stadig ein forkjærlighet for dei fine folka, den nasjonalromatiske naturen og det sjarmerande samfunnet. Det er nok ikkje siste gongen denne bloggen speidar i retning Fjelberg.

6 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Memento mori – nei, ikkje hugs at du skal dø, men HUGS AT DU VART FØDD

Då eg starta denne sida, var det med overskrifta UFERDIG ER DEN NYE FERDIG. Det skulle vere eit uhøgtidleg visningsrom for meg. No er det eit halvt år sidan siste blogpost, og med det kan eg vel konstantere at det sklei ut. No er det på  høg tid å ta ein slags omvendt momento mori. (Nokon som veit om det finnes eit uttrykk for dette?) Eg vil reinnføre denne bloggens hensikt, og eg begynner med eit bilde eg arbeider med. Sjølvsagt totalt uferdig, altså ferdig nok.

Bilde 20

Bilde 24

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

The staircase is my town.

sjc3b8lvportrett1

For ei stund tilbake kom eg over fenomenet der ein har begrep på eit språk, i dette tilfellet fransk, som ikkje finnes på andre språk. Eg vart fortalt om l’esprit d’escalier, direkte oversatt: ”The spirit of the staircase”.  Nydeleg i seg sjølv. Eigentleg betydning er ”Kjensla av å forlata ein samtale før alt er sagt”. Og dette er noko eg kjenner meg att i. Eg syns det er fantastisk vakkert at det finnes eit heilt eige uttrykk for akkurat dette. Det er ganske enkelt slik mitt liv utartar seg. Stadig noko usagt. Uansett kor mykje eg prøver å sei meir, jo lenger vekk kjem eg frå å bli forstått.

Min verden, mitt alt, er abstrakt. Det er ingen vei mellom alt og ingenting. Mellom å vere og å ikkje vere.  Det er den einaste sanninga eg har. Dette er konstant vanskelig for meg å forstå, og dermed ikkje mindre vanskeleg å formidle. Alt i meg er organisk. Flytande. I  forandring. Heile tida. Derav er ingenting bak meg som det er no, ingenting ferdig, nokon gong.  Eg er på veg opp ei trapp.  Alltid.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

The state of being

I den virituelle verden mange oppheld seg i for tida, gir ein medborgarar ei statusoppdatering på tilstanden i den verkelege verden. Frå dette perspektivet kan den verkelege verden sjå ut som ein finurleg stad.

stilllooking-copy1Amber is still looking.

iveimro Dinna veko jekk fort i øveimåro e da alt onsdag.

arm-copy Bjørn søker hi, han har lyst å sove vinteren forbi.

harlevdNina har levd i 9381 dagar.

vidar Magnus ser en stor røyksky.

stillbilde04-1 Birgitte synger med hester.

spa Tove vurderer å ta husvask.

(Facebook-statusar satt saman med videostills)

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Bill.mrk. Uregelmessighetar, takk!

 

På denne vanlege dagen i Bergen  slår det meg at det er best å være på besøk. At det optimale ville vært å være på besøk heile tida. Tatt det beste frå kvar stad for å så reise vidare. Men så kjem eg på at det på at det på mange måtar er slik tilværelsen min har vært det siste halvåret. Konklusjonen er at det var ganske slitsomt. Å føle at ein aldri er heime. At at alle faktorar i livet er variablar. At ingenting står støtt.

Dermed; eg må ha ein heim for å ha det bra. Men korleis kan eg skape ein heim, ein heimstad, utan å få den grå kvardagen med på kjøpet? Eg krev mykje, eg er klar over det. Eg er ein overdådig romantikar utan rot i noko. Men kvifor i all verden skal ein ikkje kreve mykje? Eg syns verkeleg at folk flest krev altfor lite. Me lever her og no. Kvifor godta kvardagen? Ja, ein må ha mat, ein må overleve. Men for guds skyld. Litt magi på vegen, takk.

Poenget mitt er at  eg tilber uregelmessighetar. Nett no, i dette øyeblikk såg ei nydeleg gullveske. Dette var nok uforventa til at eg på ein elles grå, flat og uinspirert dag, kjente glimt av glede. Glimt av at verden ikkje er så staight likevel. Ei gullveske gav meg ei kjensle av frihet. Forunderleg og fint.

Så kva kan eg gjere med dette? Korleis kan eg tilpasse meg, finne min plass mellom krava mine og verden?Mellom blondegardinene og realiteten? Eg skjer brødet annleis frå dag til dag. Eg har ei gul topphue som gjer meg glad. Eg har ulik farge på sokkane, og smiler litt kvar gong eg ser ned. Eg velger mat/klær/ting eg ikkje likar, berre fordi variasjonen er viktigast. Ein ide om noko anna. Kjensla av uvanleghet.  Eg er utsulta på uhøgtidleghet. Eg higrar.

Eg er så avhengig av på bli påminna av at verden ikkje berre har eitt spor at det verkeleg er bekymringsverdig.

Eg meinar at livet kan være ein fest. Og eg er på ein evig, desperat jakt etter menneske av same oppfatning. Eg vil skape noko sublimt. Eg vil leve sublimt. Daglegdags sublimitet, er det noko? I så fall er det det eg vil ha, takk.

I dette augneblikket skjønar eg at eg er på rett stad. Til rett tid. Og eg elskar det! Bergen smiler til meg akkurat når eg treng det. På kafeen  her eg sitt å skriv, kjem plutseleg ei stemme på høgtalaren. Eg trur det er ho i ”Me and you and Everyone We Know”(Miranda July), men eg er ikkje sikker. Det er godt å høyre på. Det ristar meg, og alle andre på denne kafeen, ut av dei kjedelege tankane våre. Det kjem ei kvinne inn. Ho har ein enkel, vakker, blå kjøle på og ho sett seg ned ved eit bord. Eg kjem på at det er Oktoberdans her i Bergen, og skjønar at eg har ei danseforstilling i vente. Her, på kafeen, på ein onsdag ettermiddag, blir eg servert eit stykke nydeleg kunst. Plutseleg får eg akkurat det eg ber om. Tida står stille. Den leverer eit romantisk pusterom.  Og igjen elskar eg verden! Nothing grey about it.

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

Ein tilværelse har vært

I tre månadar har eg budd på ei øy. Eg har skapt ein idyll. Levd ein idyll. Pusta idyll. Hengekøy inkludert. Eg har drømt om at idyllen skulle vare lenger enn den kunne. Latt meg sjølv drøyme om at blondegardinene var tjukkare enn dei eigentleg var. Men blondegardiner kan ikkje være tjukke. Det ligg i ei blondegardins natur å være transparent. Knapt eksisterande. Og du skal ikkje tukle med naturen har eg høyrt.

Men det var ikkje akutt herlighet på øya mi. Når ein er vant med å ha menneske rundt seg til alle tider, kan ein ende på randen av galskap av eit sånt eksperiment.

”Eg prøver å lære meg å være aleine. På laurdag utarta det seg sosial abstinens. Då drakk eg meg full. Det er lett å bli bekymra for folk som drikk aleine, og no blei eg bekymra for meg sjølv. Eg tenkte ”Fører dette til lett alkoholisme?”. No prøver eg å være aleine utan å drikke meg full. Det går fint. I dag har eg brodert i fem timar. Og så bestemte eg meg for å ha fisk til middag. Men eg måtte gå heim utan både fisk, fiskekrok og halve stanga mi. Den knakk eg rett nok sjølv. Tuppen fòr i det i eit kast. Eg tenkte det ville gi stor tilfredstilling å knekke stanga sidan den allerede var øydelagt Men den var laga av eit glasfiber liknande stoff, og min destruktive mentalitet straffa seg. ”

Men det viste seg å komme fine ting ut av aleinetid. Tempoet senka seg. Og denne ukjente tida gav meg tankar eg ikkje hadde hatt før. Absurde ting dukka opp. Eg fant eit hus i skogen. Klisjeaktig forlatt. Men samstundes så fullt av liv. Ein gammal mann. Og ungdom på hemmelig fristad. To parallelle spor av eksistens. Flekker av nydeleg tapet på rosa maling, og ei seng med ei gammal tweed jakke på. I same rom, utan å kjenne til kverandre. Ein daud hjortekalv. Sprikande, flådd og blodig. Morbid og vakker. På ein gang. Morbid vakker. Ubekvem med min eigen reaksjon, klarte eg ikkje slutte å sjå. Følelsen av å være med på noko urisk, primitivt og historisk fekk meg til å gløyme å puste. Å sjå stoltheten i menna. Adrenalinet. Jaktar menn for å destillere kjensla av å være mann?

Tilbake til den raude ulltråden. Den som det skulle vært fleire av. Nok til å strikke eit kvart som kunne få meg til å gløyme at vinteren kom til Abelstova. At idyllen raste, og at blondegardinene sin natur ikkje var i min favør.

Begynnelsen på slutten er når du kjem heim og må støvsuge sengeteppet ditt for museskit. Det er då du tenker at ein by kanskje ikkje er så slitsom likevel. Og ein skiftar fokuset frå kor godt det er med ro, til kor kjedeleg det er å gå glipp av alt. Det var då eg begynte å drøyme meg vekk. Vekk til eit anna sjakkbrett. Der det er fleire kvite felt enn svart museskit.

Enkelte ville sagt at musa seira, og mest sannsynleg sto på barrikadane og veiva med flagga då eg drog. Men musa og meg inngjekk ein kontrakt den kvelden. Ein time-share kontrakt. På urnorsk vis. Når sommaren kjem skal hengekøya atter ein gong opp mellom trea, og eg vil nyte dei tynne blondegardinene i Abelstova.

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized

For fyrste gong var skuldera mi våt av min fars tårer

”Enten er det skjedd  noko alvorleg. Eller så er han ute ein tur.”¨

Enten. Eller.

Død. Levande.

Ein av dei er det. Realiteten er bastant. Men me er på etterskudd. Sanninga har enda ikkje nådd oss.

Eg kom inn. Eg såg at han låg der. Eit legeme. Han låg der. Min eventyrar. Mitt leksikon. Men der og då: berre eit legeme. Eg såg ikkje Onkel Jostein. Eg såg eit dødt menneske. ”Slik ser eit dødt menneske ut”, tenkte eg. Flogene surra. Han var blå i ansiktet, og brillene sat på enda.  ”Det er Onkel Jostein. Det er Onkel Jostein”, prøvde eg å tenke. Kun den rasjonelle delen av meg son skjønte det.  Eg kjente det ikkje fysisk.

Eg kjente lukta. ”Er det slik ein daud mann luktar?”. Men det var eimen av ein ungkars hus. Eg våga meg inn i stova. Eg hadde ikkje vært der på mange år. Det var eit sørgeleg syn. Plastikkposar over alt. Fat og skåler med matrestar. Buksa låg på golvet, trødd rett ut av. Men midt i alt det elendig kaoset: eit vakkert kaos. Rommet var overfylt med aviser! Til den dagen han døydde, var han framleis like nysjerrig på verda. Stadig like oppdatert. Far min sa med frukostbordet same morgon; ”Ein ting skal vera sagt; Han er meir oppdatert og med enn dei fleste av oss som ’oiar’ oss over han!”. Avisene var eit vidunderleg syn.

Stakkars gut, sa Tante Åshild. Gut. 66 år, men evig gut.

Korleis hadde du det eigentleg, Onkel Jostein? Kor einsam var du? Kor stor var lengselen din? Og kor stor var sorga di?

Etter kvart begynner eg å få glimt av realiteten i det som har skjedd. Onkel Jostein er død. Det var han som låg der. Min eventyrar, mitt leksikon, låg der. Eg blir uvel over min eigen evne til å distansere meg, til å gjere alt om til ei studie. Det levande minnet av Onkel Jostein begynner å koble seg opp med synet av han på golvet. Sokkane. Underbuksa. Den flammete huden på beina, og det blåe ansiktet. Det bølger skarpt i meg. Stikk av tristhet og sorg.

Ein er. Og så er ein ikkje. Det er dødens magi. Det endelege uendelege.

Når eg var liten pleidde far min å arrangere Seigemann-konkurranse. Det var om å gjer å strekke ein seigemann så lang som mulig. Ein strakk og ein drog.  Heile spenninga låg i uvissheten om når den ville slite. Den hang saman, heilt til den ikkje gjorde det. Og når den sleit, var det over. Augneblikket før det skjedde kunne kjennast uendeleg, men likevel blei ein overraska når det skjedde.

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

From Russia with love

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Eg fann min eigen puls på ei hytte ved havet

Plutseleg når ein kjem heim til det kjente, er det blitt det ukjente. Det som før var sjølve definisjonen på trygghet, er blitt pirrande framant.  Sirkusets magiske duk blir trekt til sides, og du kjenner at no kan kva som helst skje. Eg kjenner meg leikande nervøs av å stå på neset å fiske. Eg kjenner barnleg spenning av å sjå krabbane komme fram frå gjøymeplassane sine for å sikre seg fiskesloet.  Til og med lukta av myggolja er eksotisk og ultra-nostalgisk. Eg kjenner lykken sitre av den putrande lyden av fisken  min på bålet. Eg nyter følelsen av kål og skit på fingrane. Havet gynger i takt med mine tankar. Alt eg kan høyre er lyden frå det fine kjøleskåpet. Den salte trøttheten godgjer seg, og eg gler meg til den gode hytte-søvnen. 

 

Min frihet

Eg kan ta på radioen. Eg kan opne døra. Eg kan puste djupt, og velge kva eg skal ha på skiva. Snart skal eg ta handkle med meg, tusle barfot ned mot sjøen, kjenne dei skarpe kantane frå berget under beina, kle av meg og svømme ut. Eg skal forbanne meg sjølv i eit splittsekund, før eg får pusten tilbake og kjenner kor godt det god-vonde er. Så skal eg legge meg på graset og bli solbrent.

 

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Neste stopp: Irkutsk!!

 

17. mai her i Moskva enda med at me på rein impuls og spontan magefølelse kjøpte ein flybillett til Irkutsk. Om berre nokre timar er me på veg i retning Asia. Tenk å kunna fly i 5 1/2 time, krysse 5 tidssoner, og fortsatt være i det samme landet!? Russland er så absurd stort, og no er me på veg til å få ein følelse av det. Planen er å ta den transibirske jernbanen mot Moskva, stykkvis, og bu hos lokale folk langs vegen. Couchsurfing.com er vår nye venn. Det føles nesten som at det er no det eigentlege eventyret begynner! 

Tilværelsen er ganske absurd om dagen. Og eg trekker pusten djupt og nyt det!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Eg har funne knappen på min venn Hassel!

 

Det er kanskje ikkje ni rullar med gull, men jento’ jobbe’! Bildene er fra 9. mai, Russlands nasjonaldag. Den mest absurde, og for ein fotograf: den mest FABELAKTIGE dagen tenkeleg. Eg har kjærlighetssorg for den dagen. Det var som å reise tilbake til ei tid som eg godt kunne tenke meg å være på besøk i litt lenger. Men så utslitt som eg og Hanne var når kvelden kom så veit eg ikkje kor lenge eg ville overlevd. Men RASTEPLASSRussland er på sin niende dag, og eg har funne knappen på min venn Hassel! Me har nok meir kjærlighetssorg i vente..

Éin kommentar

Arkivert under Uncategorized

Druedrama til frokost

Ei drua meg her og ei drua meg der.

RASTEPLASSRussland er på sin åttande dag!

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Ett tango-trinns magiske melankoli

“Om jeg var 20 år yngere ville jeg reise til Buenos Aires og blive verdensmester i tango. Det er min nye passion. Jeg vil leve og ånde for tango.” Steffen 63

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Uferdig er den nye ferdig

Eg har det så travelt. I livet. Det er lett å gløyme å puste. Eg skulle ønske at tida hadde to parallelle spor. Då kunne eg ha gjort både viktige og uviktige ting, samtidig. Eg trudde eg ikkje var stressa. Men eg er stressa i et gigantisk perspektiv. Frå heile livet heilt ned til kvart sekund. Så gigantsisk at eg ikkje får hovudet rundt det. Eg forlanger så altfor altfor mykje av kvart augneblikk.

Dette skal være eit pusterom. Eit uviktig pusterom, som blir viktig nettopp fordi det er uviktig. Eit testrom for min nye lov.

Uferdig er den nye ferdig.

2 kommentarar

Arkivert under Uncategorized